top of page

Aktivitetar

På Nestunet er det mogeleg å fiska i Hardangerfjorden, der me har sjøplass med naust og båt. Om sommaren er det gode bademoglegheiter. Det kjente fiskevatnet Skogseidvatnet, ligg berre 7 km frå Nestunet. Det er mogeleg å leiga båt i området.

Uteområda på garden er gode og rommelege, der det kan drivast ymse aktivitetar.

Kulturlandskapet er velstelt og innhaldsrikt, og innbyr til både korte og lange turar.

Nestunet er fadder for Norges lille røde - ein telefonkiosk med bøker. Her kan ein både gje og finna seg ei bok.

Norge si andre steinkvelvbru bygd i nyare tid, vart opna i dette landskapet i 2018. Brua vart bygd som eit opplæringsprosjekt der folk frå heile Norge i tillegg til Danmark og Skottland deltok.

I sommarsesongen er drifta basert på sjølvhushald, me har og avtale med lokale leverandørar som leverer lokal tradisjonsmat dersom det er ynskjeleg. Det er og moglegheit for utandørs grilling og servering under helletak.

Hausten er sesong for hjortejakt, som både gjester og familien deltek i.

Nestunet har eige kunstgalleri, «Kubbefloren», som er i den gamle driftsbygningen på garden frå år 1900.

I området rundt Nestunet er det masse kjekt ein kan oppleva, ta gjerne ein kikk på linkane under, samt kartet under bilda: 

Visit Strandebarm

Baroniet i Rosendal

Fartøyvernsenteret

Steinsdalsfossen

Norsk Kulturarv

bottom of page