top of page

Om Nestunet

Historiske og idylliske omgjevnader

Tunet ligg på garden Nes ved Mundheim i Hardanger. Her vert det dreve vanleg gardsbruk med kyr, sau og skogbruk ved sida av utleigeverksomheita. Anne-Karin og Kåre driv no garden i 11 generasjon og bur der sjølv.

 

Opprinneleg var det 18 hus på tunet, men under omleggingane i jordbruket før fyrste verdkrig, vart mange av bygningane overflødige. 4 av dei opprinnelege husa vart flytta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, og utgjer i dag det som vert kalla Vestlandstunet der.

Tunet er ope heile året, men i mai/juni kan det vera særs vakkert med fruktbløming og anna fargerik vegetasjon. Om hausten har ein dei nydelege fargane og den klare lufta over fjord og fjell som gjev ein heilt spesiell naturoppleving. Uversnetter om hausten kan ein òg oppleva fangst av ål.

Om sommaren er det bademoglegheiter frå fleire små private strender og badeplassar, og eit lite aurevatn høyrer òg med til eigedomen. Båt er inkludert i leiga, men dersom ein ynskjer det er det mogeleg å leiga båt i det kjente fiskevatnet, Skogseidvatnet, som ligg berre 7 km frå Nestunet.

Me har avtale med lokale leverandørar som leverer lokal tradisjonsmat dersom det er ynskjeleg, eller ein kan ordna sin eigen mat i det moderne kjøkenet. Me kan og arrangera utandørs grilling og servering under helletak, eller stemningsfullt inne i eldhuset med fyr på grua.

 


 

Om Nestunet

Overnatting, naturopplevingar og samlingar i historiske og idylliske omgjevnader

Tunet ligg på garden Nes ved Mundheim i Hardanger. Her vert det dreve vanleg gardsbruk med jord- og skogbruk ved sida av utleigeverksomheita. Anne Karin og Kåre Nes driv no garden i 11.generasjon og bur der sjølve.

Opprinneleg var det 18 hus på tunet, men under omleggingane i jordbruket før fyrste verdkrig, vart mange av bygningane overflødige. 4 av dei opprinnelege husa vart flytta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, og utgjer i dag det som vert kalla Vestlandstunet der.

Tunet er ope heile året, men i mai/juni kan det vera særs vakkert med fruktbløming og anna fargerik vegetasjon. Om hausten har ein dei nydelege fargane og den klare lufta over fjord, fjell og fonn som gjev ein heilt spesiell naturoppleving. Om hausten er og frukta kome i hus, og regionen har dermed mykje å by på med blant anna frukt og sider frå Hardanger.

Nestunet er tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke "Olavsrosa". Merket visar veg til eit eineståande produkt rotfesta i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket vert tildelt etter streng vurdering som legg vekt på produktet sin kulturhistoriske verdi, korleis denne er teke vare på, og korleis produktet er gjort tilgjengeleg for publikum. At Olavrosestaden Nestunet ligg ved Hardangerfjorden gjev dette ein ekstra dimmensjon.

IMG_6981.HEIC
bottom of page