Linkar:





Overnatting, møter og seminar
i historiske og idylliske omgjevnader


I naturskjønne og idylliske omgjevnader ved Mundheim i Hardanger, kan Nestunet tilby overnatting og opphald for grupper opp til 16 personar. Staden er ideell for intime seminar, strategi- og representasjonsmøte eller blåturar.



Ikkje meir enn 1,5 time frå Bergen, men likevel fjernt frå kontora sin hektiske kvardag, er Nestunet eit ideelt utgangspunkt for naturopplevingar av dei sjeldne, med ypparlege forhold for fotturar, sjøfiske og hjortejakt. www.menche.com
I naustet er det òg eigen sløyeplass og fryseboks for fisk.



Tunet ligg på garden Nes ved Mundheim i Hardanger. Her vert det dreve vanleg gardsbruk med kyr, sau og skogbruk ved sida av utleigeverksomheita.
Eigedomen er på heile 150 hektar



"Idneståvå", er eit totalrestaurert vestlandshus frå 1863 som er sett opp att i si oprinnelege form, men med moderne fasilitetar som kjøken og bad med dusj.Stova er delt i to utleigeeiningar, kvar på ca. 80 m2 , med separate inngangar. Totalt er det 5 doble senger fordelt på 4 soverom, i tillegg til dobbel sovesofa i den eine stova og moglegheit for soveplass på madrass på hemsen.

Tunet er ope heile året, men i mai/juni kan det vera særs vakkert med fruktbløming og anna fargerik vegetasjon.Om hausten har ein dei nydelege fargane og den klare lufta over fjord og fjell som gjev ein heilt spesiell naturoppleving. Uversnetter om hausten kan ein òg oppleva fangst av ål.

Om sommaren er det bademoglegheiter frå fleire små private strender og badeplassar, og eit lite aurevatn høyrer òg med til eigedomen. Båt er inkludert i leiga, men dersom ein ynskjer det er det mogeleg å leiga båt i det kjente fiskevatnet, Skogseidvatnet, som ligg berre 7 km frå Nestunet.



Me har avtale med lokale leverandørar som leverer lokal tradisjonsmat dersom det er ynskjeleg, eller ein kan ordna sin eigen mat i det moderne kjøkenet. Me kan og arrangera utandørs grilling og servering under helletak, eller stemningsfullt inne i eldhuset med fyr på grua.



Solution: protu